Stor oppslutnad om det innleiande seminaret

Over 50 deltakarar frå tilsaman 33 organisasjonar er påmeldt det innleiande seminaret på Riksscenen 24. november. 

Under seminaret vil det bli ulike faglege innleiingar, i tillegg til ei rundebordskonferanse med innspel til den vidare prosessen for å få etablert ein kulturparaply. 

Birgitta Englin er seniorrådgjevar i Tankesmedjan Global Utmaning i Stockholm, og tidlegare VD for det svenske Riksteatern. Ho var initiativtakar til å etablere ein ideell kulturallianse i Sverige, og vil bidra med erfaringar frå denne prosessen. 

Idrettspresident Tom Tvedt vil innleie om korleis ei felles organisering av dei mangfaldige idrettsorganisasjonane har fremja fellesskapet.

Birgitte Brekke er nyleg avgått generalsekretær i Frivillighet Norge, og ho vil gje oss nokre tankar om korleis ei felles organisering av kulturorganisasjonane kan gje det frivillige, lokale kulturlivet eit løft.

Endeleg program er sendt direkte til dei påmeldte deltakarane, men kan også lastast ned her.