Arbeidsgruppa er i gang

Frå venstre: Espen, Åsmund, Eline og Turid. På skjermen: Karl Ole og Kjetil. Bak kamera: Eli.

Frå venstre: Espen, Åsmund, Eline og Turid. På skjermen: Karl Ole og Kjetil. Bak kamera: Eli.

Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe for den vidare prosessen med Kulturalliansen, og gruppa hadde sitt første møte 29. januar.

Arbeidsgruppa er samansett av Turid Myrholt (Kristeleg Studieforbund), Åsmund Mæhle (Norges korforbund), Eline Melgalvis (Norsk musikkråd), Espen Kvark Kvernberg (Norsk amatørteaterforbund), Karl Ole Midtbø (Norges musikkorpsforbund) og Kjetil Aamann (Norsk sangerforum). Gruppa vert leia av Eli Ulvestad (Noregs Ungdomslag).  Stormen Tor var eitt av hindra for at alle fekk vere fysisk til stade ved det første møtet, men ved hjelp av moderne teknologi fekk alle delta i diskusjonane.  

Neste møte i arbeidsgruppa blir 18. februar, og då vil utgreiingsarbeidet for ein framtidig Kulturparaply starte for fullt. Det neste fysiske møtepunktet for alle organisasjonane vil vere eit innspelsseminar 1. juni 2016. (NB datoen er seinare endra til 30. mai)