Kulturalliansen ikkje på statsbudsjettet

Kulturalliansen er ikkje tilgodesett med midlar i forslaget til statsbudsjett for 2017. Det er overraskande at det historiske initiativet frå kulturorganisasjonane ikkje er omtalt i statsbudsjettet, men interimsstyret arbeider vidare med sikte på å sikre driftsmidlar frå 2017.

Kulturdepartementet finansierte i 2015 eit utgreiingsarbeid for å sjå på moglegheita for å etablere ein eigen samarbeidsorganisasjon for dei frivillige kulturorganisasjonane. Utgreiinga vart ferdigstilt våren 2016, og som ei følgje av dette gjekk 30 frivillige kulturorganisasjonar saman om å stifte Kulturalliansen. På stiftingsmøtet 5. september vart det valt eit interimsstyre som skal konkretisere organisasjonens oppgåver vidare, fram mot årsmøtet i 2017.

Kulturalliansen arbeider for eit landsomfattande og variert kulturtilbod for alle innbyggarane, med utgangspunkt i dei mange kulturaktivitetane som frivilligheita organiserer. Målet er å skape større påverknad i kulturpolitikken, auka gjennomslagskraft og betre rammevilkår for det frivillige kulturtilbodet.

Kulturdepartementet fekk på forsommaren overlevert utgreiinga saman med ein søknad om driftsmidlar for 2017. Utgreiinga peikar tydeleg på behovet for ei samanslutning for kulturfrivilligheita, og har også peikt på naturlege arbeidsområde som vil tene både kulturorganisasjonane og det lokale kulturlivet. Interimsstyret er difor overraska over at ikkje organisasjonen er til godesett med midlar i forslaget til statsbudsjett for 2017, men arbeider vidare med det mandatet stiftingsmøtet gav.