Nytt frå interimsstyret

Interimsstyret for Kulturalliansen hadde sitt første styremøte i slutten av oktober. Dei viktigaste sakene var oppfølging av stiftingsmøtet, forslaget til statsbudsjett for 2017 samt arbeid fram mot det første ordinære årsmøtet for Kulturalliansen.

Arbeid i interimsstyret

Eline Melgalvis er valt som leiar for interimsstyret, og ho vil leie arbeidet i styret fram mot årsmøtet. Interimsstyret planlegg fire styremøte i denne perioden, og vil gjennom desse møta arbeide med å følgje opp vedtak og føringar frå stiftingsmøtet. Mellom anna startar ein no arbeidet med å konkretisere vedtektene med tanke på representasjonsprinsipp og medlemsskapskriterier.

Økonomi

Det står att noko midlar av utgreiingsmidlane frå Kulturdepartementet, og dette vil i hovudsak bli brukt til å gjennomføre styremøte, ei eiga konferanse (sjå lengre ned) og årsmøte. 

Årsmøte 25. april

Årsmøtet i Kulturalliansen vil bli halde 25. april. Innkalling til møtet vil i tråd med vedtektene bli sendt ut seinast 28. februar, og fristen for å sende inn forslag til årsmøtet vil vere 14. mars.

Konferanse om lokale til kulturføremål 8. februar

Interimsstyret planlegg å gjennomføre ein konferanse om lokale til kulturføremål, 8. februar. Program for konferansen vil bli publisert på desse sidene så snart det er klart, men hald av datoen allereie no.