Orientering om vidare prosess

Mange av organisasjonane var med på oppstartsseminaret for Kulturalliansen i november, og er spente på kva som skjer vidare i arbeidet med å få oppretta ein kulturparaply.

Etter at organisasjonane fekk kome med innspel til kandidatar til ei eiga arbeidsgruppe for prosessen, vart samansetjing og mandat for denne klart på nyåret. I februar blei det engasjert ein eigen utgreiar for arbeidet. Han skal i dialog med arbeidsgruppa gjennomføre ei nærare kartlegging av behova for ein kulturparaply, sjå på moglege oppgåver, organisasjonsform og eit kulturpolitisk fundament for ein ny organisasjon.

Utgreiingsarbeidet er det sentrale for prosjektet, og det blir lagt opp til at organisasjonane får kome med innspel til dette undervegs. I tillegg er det lagt opp til eit midtvegsseminar for organisasjonen 30. mai, og eit evt. stiftingsmøte for ein ny organisasjon er planlagt 5. september

Etter påske startar utgreiingsarbeidet og dialogen med organisasjonane:

  • Det første utgreiingsarbeidet vil ta føre seg, er det konkrete behovet for ein kulturparaply, og kva oppgåver ein slik organisasjon kan ha. 
    Kulturorganisasjonane vil bli kontakta av utgreiar for å kome med innspel til denne delen av utgreiinga.
     
  • 18. april: Møte i arbeidsgruppa, med planlegging av program for midtvegsseminar i mai.
     
  • April/mai: Utgreiingsarbeidet ser nærare på mogleg organisering/organisasjonsmodell for ein kulturparaply.
     
  • 2. mai: Programmet for midtvegsseminaret blir sendt til organisasjonane.
     
  • 11. mai: Møte i arbeidsgruppa, der ein ser nærare på organisasjonsforma for ein kulturparaply.
     
  • Mai: Utgreiingsarbeidet ser nærare på ei mogleg kulturpolitisk plattform og finansieringsbehovet for ein kulturparaply
     
  • 30. mai: Midtvegsseminar for alle organisasjonane. Invitasjon og program blir sendt ut seinast 2. mai.
     
  • 15. juní: Møte i arbeidsgruppa, med oppsummering av utgreiingsarbeid og innspela frå midtvegsseminaret.
     
  • 20. juni: Utgreiingsarbeidet blir avslutta, og sluttrapporten er klar
     
  • Før sommaren: Innkalling til stiftingsmøte blir sendt organisasjonane, saman med utgreiinga.
     
  • 5. september: Stiftingsmøte for Kulturalliansen