Bjarne Dæhli er engasjert som utgreiar

Etter at arbeidsgruppa starta opp arbeidet i slutten av januar, er det engasjert ein utgreiar for prosessen med å få etablert eit kulturparaply. Utgreiaren er Bjarne Dæhli, som arbeider som rådgjevar i samfunnsavdelinga i konsulentfirmaet Burson-Marsteller.

Bjarne Dæhli har brei erfaring med interessepolitikk, både på lokalt og nasjonalt nivå. Han har mellom anna hatt sentrale tillitsverv i Europeisk Ungdom, FN-sambandet og i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, der han var arbeidande styreleiar. Han er utdanna frå Handelshøgskolen BI, der han har ei bachelorgrad i PR og kommunikasjonsleiing.