Bakgrunn 

Våren 2015 innleidde organisasjonane, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk Amatørteaterforbund, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd eit kulturpolitisk samarbeid under samarbeidsnamnet Teateralliansen.

Samarbeidet vart inngått i samband med  at Kulturdepartementet lyste ut ein større pott midlar til felles amatørteatertiltak, og dei nemnde organisasjonane ville i denne samanheng sikre vidareføring av ulike forvaltnings- og driftsoppgåver for amatørteaterfeltet.

Samtidig hadde organisasjonane ambisjonar om å bruke den nye samarbeidskonstellasjonen til å prøve å realisere eit større prosjekt som har vore omsnakka i dei frivillige kulturorganisasjonane i ei årrekke; Å etablere ei felles, samanslutning for dei frivillige kulturorganisasjonane.

Kvifor ein ny samarbeidsorganisasjon?

Mange av dei nasjonale kulturorganisasjonane er allereie organisert i ein eller fleire paraplyorganisasjonar som skal arbeide for felles faglege og interessepolitiske saker organisasjonane i mellom. Både Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Norsk musikkråd, Frivillighet Norge m.fl. er døme på paraplyorganisasjonar som alle arbeider for å fremje felles saker innanfor sin paraply. Sjølv om desse paraplyorganisasjonane har vore viktig for samarbeidet mellom organisasjonane, og for å fremje dei felles interessene, har det gjennom mange år vore eit sakn for kulturorganisasjonane at vi ikkje har ein felles paraply som kan setje kulturpolitiske saker på dagsorden. 

Det er t.d. fleire kulturfaglege område som ikkje fell inn under arbeidsområdet til dei eksisterande paraplyorganisasjonane, og det ligg eit uløyst potensiale i fleire overlappande interesser organisasjonane i mellom. Idrettsrørsla har i mange år hatt ei felles stemme utad gjennom organiseringa i Norges idrettsforbund. Denne organiseringa gir idretten ei tyngde og slagkraft og ein interessepolitisk legitimitet som også kulturorganisasjonane hadde vore tent med å ha. 

Utgreiingsarbeid

Frå Kulturministeren sitt pressemøte 28. august 2015. Bak frå venstre: Helen Hansen (Norsk Amatørteaterforbund), Eli Ulvestad (Noregs Ungdomslag), statssekretær Bjørgulv Borgundvåg, Frode Rismyhr (Frilynt), Kjærsti Gangsø (Studieforbundet kultur og tradisjon). Framme: Magnar Bergo (Norsk musikkråd) og statsråd Thorild Widvey. Foto: Dagbladet

Frå Kulturministeren sitt pressemøte 28. august 2015. Bak frå venstre: Helen Hansen (Norsk Amatørteaterforbund), Eli Ulvestad (Noregs Ungdomslag), statssekretær Bjørgulv Borgundvåg, Frode Rismyhr (Frilynt), Kjærsti Gangsø (Studieforbundet kultur og tradisjon). Framme: Magnar Bergo (Norsk musikkråd) og statsråd Thorild Widvey. Foto: Dagbladet

Teateralliansen søkte på forsommaren 2015 Kulturdepartementet om midlar til ei kartlegging av dei nasjonale og frivillige kulturorganisasjonane sine ønskje og behov for å få etablert ein samlande kulturparaply, og i august fekk vi melding frå departementet om at vi hadde fått 1 million kroner til dette prosjektet.

Vinteren og våren 2015/2016 vart det satt ned ei eiga arbeidsgruppe, som fekk i mandat å gjennomføre eit utgreingsarbeid. Gjennom utgreiingsarbeidet såg ein nærare på behov og moglege arbeidsoppgåver for ei ny samanslutning. Dette utgreiingsarbeidet enda i ein rapport, som kan lastast ned her.

Rapporten var grunnlaget for stiftingsmøtet i Kulturalliansen, som vart halde 5. september 2016. På stiftingsmøtet deltok 30 ulike kulturorganisasjonar.