Handlingsplan 2017-2018

Vedteke på årsmøtet 25.4.2017

Føremål:        

Kulturalliansen vil styrke kulturfrivilligheitas rammevilkår og posisjon i samfunnet.

Resultatmål:  

  • Kulturalliansen skal vere eit naturleg møtepunkt for dei frivillige kulturorganisasjonane.
  • Kunnskapen om mangfaldet og utfordringane i det frivillige kulturlivet skal vere auka
  • Kulturalliansen skal vere kjent som felles stemme for det frivillige kulturlivet
  • Kulturalliansen skal ha skapt debatt om den offentlege finansieringa til det frivillige kulturfeltet.
  • Det frivillige kulturlivet skal prege innhaldet i den komande Kulturmeldinga.

Tiltak:            

  • Følgje opp Kulturdepartementet si kartlegging av lokale til kultur, med sikte på ei komplett kartlegging av øvings- og framføringslokale i kommunane.
  • Etablere Årskonferansen som eit felles møtepunkt for kulturfrivilligheit, -byråkratar og -politikarar.
  • Utarbeide årlege tilstandsrapportar for det frivillige kulturlivet.
  • Vurdere alternative metodar for kanalisering av spelemidlar og anna statleg finansiering til kulturfeltet, og kva verknader dei ulike alternativa får.
  • Arbeide for auka driftsstøtta til kulturorganisasjonane
  • Sikre finansiering tilarbeid med Kulturalliansens viktigaste arbeidsområde.
  • Arbeide for eit krav om kommunale kulturråd, etter modell frå dei kommunale idrettsråda.
  • Samkøyre det frivillige kulturlivet sine innspel i politikkutforming, ved å invitere til høyringsrundar.