Kva er Kulturalliansen?

Kulturalliansen er ei samanslutning for frivillige kulturorganisasjonar, stifta 5. september 2016. Til grunn for stiftinga låg eit utgreiingsarbeid som hadde strekt seg over perioden november 2015 til september 2016, der det ein kartla ønskje, behov og arbeidsoppgåver for ei felles samanslutning for kulturfrivilligheita. Teateralliansen hadde prosjektleiaransvaret i denne perioden.

Sjølv om organisasjonen formelt blei stifta i 2016, er det framleis ein del arbeid som gjenstår før organisasjonen har teke heilt form. Årsmøtet i april 2017 vedtok handlingsplan for perioden 2017-2018, men aktivitetsnivået framover vil vere avhengig av kva inntekter organisasjonen vil få. Organisasjonen har ikkje faste driftsmidlar.

Medlemsorganisasjonar

Kulturalliansen har 30 ulike organisasjonar som stiftarorganisasjonar, men ingen medlemsorganisasjonar enno. Medlemskapsdefinisjonar blei fastsett på årsmøtet i 2017, og styret vil i løpet av våren starte prosessen med å ta opp medlemsorganisasjonar.

Styret

Styret som blei valt på årsmøtet 2017 er slik samansett:

Leiar:

  • Marit Jacobsen, Norges Husflidslag

Styremedlemmer:

  • Karl Ole Midtbø, Norges Musikkorps Forbund
  • Kjetil Aamann, Norsk sangerforum
  • Helena Tusvik Rosenlund, Frilynt Norge
  • Ellen Persvold, Norsk musikkråd

Varamedlemmer:

  • Mette Vårdal, Noregs Ungdomslag
  • Åsmund Mæhle, Norges Korforbund