Ressursside for regionale kulturkretsar

På denne sida samlar vi ulike ressursar som kan vere til nytte for pilotfylka som skal utvikle framtidas regionale kulturkretsar.

Treng du hjelp? Ikkje nøl med å ta kontakt.

Birgitte Brekke (prosjektleiar)
E-post:
brekke.organisasjonsutvikling@gmail.com
Telefon: 90 64 09 93

Grafisk profil

Kulturkretslogoen er utvikla av Emmeli Markegaard i tett samarbeid med prosjektleiar Birgitte Brekke og kommunikasjonsrådgjevar i Kulturalliansen Torbjørn Bergwitz Lauen.

Logo

Logoen er basert på den gamalnordiske valknuta, og skal gi assossiasjoner til norsk kultur og samarbeid.

I alle samanhengar der kulturkretsar blir omtalt bør logoen bli brukt.

Logoen finst i tre variantar:

  • Ikon

  • Generell “Regional kulturkrets”-logo

  • Eigne kretslogoar for kvart fylke der “regional” blir byta ut med fylkesnamnet

Ta kontakt med prosjektleiar for å få tilsendt kretslogoane for ditt fylke.

Valknuta kan òg bli brukt som eit ikon, og same reglar som for logoane elles gjeld for desse òg. Blå på lyse bakgrunnar, kvit på mørke og svart berre når du må.

Blir ikonet noko mindre enn det du ser på skjermen her no så må du bruke varianten med “boks” for at den skal vere godt synleg.

Hovudlogo saman med kvit variant. Blå logo blir brukt på lyse bakgrunnar.

Last ned som PNG

Last ned som SVG (vektor)

Hovudlogo saman med blå variant. Kvit logo blir brukt på mørke bakgrunnar.

Last ned som PNG

Last ned som SVG (vektor)

Svart logo blir brukt på lyse bakgrunnar, og berre ved behov. Kan du velje, så bruk blå variant.

Last ned som PNG

Last ned som SVG (vektor)

Blå boks med gjennom-siktig valknute.

Last ned som PNG

Last ned som SVG (vektor)

Fargar

Det er utvikla ein enkel fargepalette som skal kunne gi kulturkretsane eit eige uttrykk utan at dei skal vere for like éin organisasjon eller rørsle.

Mørk blå

#1D1D59

Lilla

#69509B

Grøn

#B3E4A3

Kvit

#FFFFFF

Svart

#000000

Font

Fonten kulturkretsane skal bruke heiter Roboto og er ein allsidig og fri skrifttype.

Den har open kjeldekode og kan m.a. bli lasta ned gratis frå Google Fonts.

Nyttige dokument