Alle inkludert! – Men kor skal dei vere?

For to veker sidan blei regjeringas nye handlingsplan for inkludering av barn- og unge i det frivillige kulturlivet lansert, og berre nokre dagar seinare kom årets fordeling av spelemidlar.

Kulturalliansen er godt nøgd med ein god handlingsplan, og spenninga var stor når handlingsplanen skulle bli fulgt opp med pengar gjennom spelemidlane.

Totalt 7,1 milliardar blei delt ut til idrett, kultur og frivilligheit – 505 millionar meir enn i fjor. 3,7 milliardar til idrett, ein dryg milliard til kultur og frivillighet, og 2,3 til andre gode føremål.

Auka midlar til Kulturrom og Frifond – gode ordningar som fangar breiddt – set me stor pris, og vil gi honnør til departmentet for å løfte desse ordningane.

Me er òg glad for at korps og orkester får meir, sjølv om det er mange andre på kulturfeltet som òg treng driftsstilskot.

Omlag 30 millionar er sett av til “inkludering i kulturliv”, “tilskot til barne- og ungdomstiltak” og “tiltak ism. kulturfrivilligheitsstrategi” – nye postar på årets fordeling. Saman med posten “midlar til fordeling seinare i 2024” (som aukte med 11 millionar frå i fjor) blir det spanande å følgje med på kva midlane blir brukt til i året som kjem.

Av idrettens nær 4 milliardar blir 1,9 brukt på idrettsanlegg, ei auke på 180 millionar frå i fjor. Samtidig står potten “regionale kulturbygg” på staden kvil på 86 millionar. I praksis ein nedgang frå i fjor.

Å ha tilgang til eigna lokale er den viktigaste enkeltfaktoren for å sikre eit levande kulturliv i heile Noreg. Diverre er dette mangelvare, særleg for dei lokale frivillige kulturorganisasjonane.

Sidan 2020 har Kulturalliansen kartlagt over 1700 kulturlokale i over 60 kommunar. Det er langt mellom lokala som er godt eigna til kulturuttrykka som brukar dei. Når kjem det eit løft for den kulturelle grunnmuren vår?


Forrige
Forrige

Informasjonsmøte Innlandet kulturkrets

Neste
Neste

Kulturkretsene på Arendalsuka